Restauranten I 2.etasje ligg den stemningsfulle a´la carte restauranten vår. Ideell for ein romantisk middag for to, forretnings- middagar eller andre små og store selskaplege høve. På lik linje med bruken av huset, er filosofien på kjøkkenet at vi bruker dei tradisjonelle råvarene på notidas måte, men då med respekt for forfedrane våre. Restauranten har alle rettegheiter inne i restauranten og i baren. Det er høve for å bestille eige avlukke, ved gruppe på 10-12 pers. Maks kapasitet i restauranten er 60 gjester inne og 100 ute. På vår idylliske terrasse kan du bestille mat ved bordet eller ta med drikke frå baren. Du har også høve til å ta med deg kaffi og anna lett mat frå CaféOlé i 1.etasjen og nyte denne på terrassen. Her kjem du deg vekk frå trengselen i gågata og du kan nyte utsikta over sjø og fjell. Vi har ope heile året for førehandsbestillingar frå grupper. Utanom sesong er det også mogleg å leige heile restaurantlokalet fullt utstyrt, der du sjølv evt. tek med deg kokk og mat. Vi må vere tilstades med minst ein person og eigen drikke kan ein dessverre ikkje ta med, då vi har skjenkebevilling. Ta kontakt med Ragnhild for eit skreddersydd arrangement! Bilde frå restauranten Se også CaféOlé og Gavebuda
   
 

Sesongopning av Olebuda 25.mai 2017

Vi gleder oss til å presentere sommarens nye meny til deg, velkomen til eit godt måltid mat på Restaurant Olebuda kristi himmelfarts torsdag frå kl 13.00-21.00.

Vennleg helsing vårspent vertinne Ragnhild Frøysa og kjøkkensjef Daniel English

   
   
 
   
 

Live Music night

https://vimeo.com/99083700

   
   
 
   
 

Kokkensbilder 2012

   
   
 
   
 

16.mai feste på Olebuda

Vi ynskjer Olebuda festalle kjente og ugjenkjennelige gjester velkomen til 16.mai fest kl 22.00-02.30 på Olebuda! Obs! vi har alle rettigheiter, 20 års aldersgrense.

   
   
 
   
 

Panorama presentasjon av Geiranger

http://www.visitnorway.com/360/geiranger/