Olebudas historie

Huset vart flytta frå Tafjord til Geiranger rundt 1880, truleg har det stått ein annan stad før det også. Denne tida var tømmer ei mangelvare her i traktene og det var såleis ikkje uvanleg at heile hus vart flytta. Huset kom til Geiranger i dei tider dei starta på vegbygginga over fjellet austover.Bilde frå GeirangerLars Petter Larsson Gausdal var den første registrerte Landhandlaren i dette huset, han fekk handelsbrev i 1882.Edvard Hole fortel om Lars Petter ” sjølv om han starta med to tomme hender så hadde han på åtte år opparbeidd seg ei formue på over 30.000 kroner. Det var utruleg mykje pengar i dei dagar. Diverre døydde han berre 35 år gamal”

Bilde frå GeirangerSvogeren Ole Botolfsson Møll tok over handelen etter Lars Petter.

Namnet Olebuda kjem frå han.
Det var mange som meinte at han var alt for snill til å drive slik forretning, og at det var grunnen til at han gjekk konkurs.

Bilde av OlebudaBedrifta vart starta opp igjen i kona sitt namn Brit Møll i 1905. Ole og Brit budde i 2.etasje i Olebuda med sine fire born. Dei to yngste sønene tok over etter foreldra. Det var hovudsakleg Ingolf som dreiv buda. Ingolf praktiserte dampskipsekspedisjon og han hadde ein av dei første bensinstasjonane i bygda.I 1965 tok sonen til Ingolf , Odd, over. Huset vart i storparten av tida leigd ut til andre som dreiv daglegvarebutikk her kun på sommaren.I 1991 tok Odd sin son Idar Hermod Møll over. Han gjorde om mykje på huset, lagde til restaurant i 2. etasje med terrasse og hadde pub i 1etasje. Restauranten i 2. etasje vart seinare leigd ut og Sparebanken Møre flytta inn i 1.etasje. I 2002 vart huset lagt ut til sal og noverande eigar Ragnhild Kristin Ljøen Frøysa frå Sunnylven kjøpte det.

Mi Geirangerhistorie

Eg kom til Geiranger første gong i 1991, og hadde min første sommarjobb på Naustkroa, som då var heilt ny. Etter fleire somrar på Naustkroa, vart det klart for meg at servicebransjen var min veg. Eg skaffa meg mest mogleg allsidig erfaring for å komme inn på Hotellhøgskolen i Stavanger. På Naustkroa gikk eg alle gradane; gatekjøkken, servering, kjøkken og dagleg leiar. I tillegg jobba eg som servitør på Hotel Union Geiranger, i resepsjonen på Lindstrøm Hotel i Lærdal og som servitør og bartender på Quality Hafjell Hotel i Øyer.Etter fullført Hotelladministrasjon studie med fordjuping i økonomi, fekk eg jobb som dagleg leiar på pizzakjeden Dolly Dimple´s sin eldste restaurant i Sandnes. Der jobba eg i eit år samtidig som eg leigde Naustkroa og administrerte den gjennom sommarhalvåret. Det var då usikkert kvar eg skulle satse på å etablere meg, men då Olebuda kom på sal var saken klar. Her såg eg eit hus med ei lang historie og store utviklingsmoglegheiter.I tillegg har eg i etterkant funne slektskap til dei andre som har vore eigarar av huset, på fem forskjellige måtar, noko som gjer arbeidet med å bevare og bruke huset på ein bra måte enda meir meiningsfult for meg. Våren 2003 opna eg kaffibaren CaféOlé, etter at eg og mor mi Marit Ljøen hadde brukt heile vinteren på å pusse opp 1.etasje av Olebuda. Tilgang til 2.etasje fekk eg først i 2008. Eg drifta min første sesong på Restaurant Olebuda i 2009, etter å ha pussa opp lokala gjennom vinteren i lag med min sambuar Kai Elling.
Bilde frå Geiranger
Eg og Kai Elling Lindseth Os bygde hus i Geiranger i 2006 og bur her i lag med våre to døtre Maren og Dina. Eg har mitt levebrød frå bedrifta mi Frøysa Restaurantdrift, som driftar Olebuda som eg eig og Naustkroa som eg leier. Kai Elling har bedrifta Os Vedlikehold http://www.osvedlikehold.no, og er Frøysa Restaurantdrift sin allsidige vaktmeister og vedlikehaldar.
Hausten 2010

Ragnhild Kristin Ljøen Frøysa