Geiranger

Turisme er hovudnæringa i verdskjende Geiranger. Meir enn 500 000 turistar gjestar bygda kvar sommar. Namnet Geiranger kjem truleg av norrønt geirr- som tyder spyd, og angr- som tyder fjord.

Det bur ca 200 menneske i Geiranger i dag.
Kvart år ankrar mellom 150 og 200 cruiseskip inst i fjorden, noko som gjer Geiranger til ei av dei største norske cruisehamnene.

Ein tek seg fram til Geiranger fram på bratte vegar som svingar seg ned til fjorden, anten via Geirangervegen austfrå eller Ørnevegen frå Eidsdal. Eller ein kjem med ferja på fjorden frå Hellesylt og Valldal.

Bratte fjellsider og majestetisk natur har gjort Geiranger til det mest kjende turistmålet i Noreg
Geiranger vart i 2005 med på verdsarvlista til UNESCO.

NASJONALT IKON FOR TURISME

Geirangerfjorden har vore eit turistmål i 150 år, og er eit nasjonalt ikon for turistindustrien. Saman med Nærøyfjorden er desse fjordane eit kjennemerke når ein marknadsfører Noreg i utlandet.

Det første utanlandske turistskipet segla inn Geirangerfjorden så tidleg som i 1869, og sidan den gongen har fjordane gitt millionar av besøkjande storslåtte og spennande natur- og kulturopplevingar.

Bilde frå Geiranger

På sommartid trong besøkjande transport (hestetransport), mat og overnatting, førar i fjella og transport på fjorden med små båtar. Dette utgjorde ei verdfull inntekt for mange av dei som dreiv fjellgardane. Turismen vart snart ei viktig biinntekt for ein del fjordbønder, og – gradvis – hovudinntekta for mange.

Bilde frå Geiranger

Meir utfyllande informasjon om Geiranger kan du finne på desse sidene:

http://www.verdsarvfjord.no

http://www.geiranger.no

http://www.visitalesund-geiranger.com

Bilde frå Geiranger